Sofie Øren
INSTRUKTØR OG KOREOGRAF, DANS UTEN GRENSER
Sofie Øren gjekk danselinja på Firda Vidaregåande skule, og har fleire gongar koreografert for Dans Uten Grenser - til prosjekt som fylkesturné, Italia DC 2023, og vore aktiv instruktør i kvalifiseringsprogrammet remontering. Ho har jobba som danselærer i Hyllestad, Fjaler, og Askvoll kulturskule kor ho satt opp ei forrykande danseforestilling for omlag 100 elevar.
Sofie har koreografert for fleire show og prosjekt, som t.d. "Kokosbananas" og "Huldredans" til æresmarkeringa av verninga av Vettisfossen og har vore instruktør i regi av Gymvest i Vest. November 2025 hadde ho premiere på framsyninga "Livets Rytme" i Årdal kulturhus, ein eigenprodusert framsyning med unge dansere frå Årdal som tok føre seg tema som psykisk helse - på godt og vondt, og korleis det kan være, å være ungdom i dagens samfunn.