Ein dansedraum - i Grieghallen!
Dans Uten Grenser 20 år - I Sogn og Fjordane og Vestland
Laurdag 28. februar 2026 vart Grieghallen forvandla til ein fest av latter, tårer og rein lykke! Jubileumsførestillinga "Ein Dansedraum" feira 20 fantastiske år med Dans Uten Grenser i Sogn og Fjordane, samt 30 år på landsbasis. Dette var ei kveld vi aldri kjem til å gløyme!
Med eit fullstappa hus kor dialektane frå Sogn, Sunnfjord og Bergen smelta saman, var energien i rommet heilt elektrisk. Førestillinga var ei oppleving, kor heile 100 ungdomar delte same scene i ein spektakulær blanding av dansestilar og uttrykk. Kvar dans var ei eiga historie, og saman skapte dei magi og viste fram dansetalenta sine.
Foto: Andreas Huseby Grønner.
Vi vil gje ein spesiell takk til alle foreldre og leiarar i kommunane som stiller opp som nattevakter, sørgjer for mat, og heiar på borna sine. Utan dykk ville ikkje denne fantastiske kvelden vore mogleg. Dykk er heltar bak kulissane, og vi set stor pris på alt de gjer!
Ser Framover: No ser vi fram til Italia-turen i juni/juli kor heile produksjonen skal ta med seg denne magiske opplevinga ut i verda. Vi gleder oss til å dele fleire bilete og videoar frå kvelden, slik at de kan oppleve denne magiske forestillinga heime!
Foto: Andreas Huseby Grønner.
I oktober og november hadde vi òg turneringar i Sogn og Fjordane med fulle hus og stormande jubel. Helga i Bergen var heilt spesiell, dei fleste dansarane sjekka inn på Scandic Ørnen hotell saman med foreldre, søsken, besteforeldre, tanter og onklar. Det var ei unik oppleving å vere samla så mange under eitt tak, med store forventningar og spenning til laurdagen. Å vakne opp på søndag etter ei vellykka førestilling og sjå glade fjes rundt frukostbordet med heile familiane samla, var eit syn. Det var ei glede å sjå kor mykje dette betydde for alle, og kor mykje dei kosa seg saman!
Foto: Andreas Huseby Grønner.
Eg vil avslutte med og trekke fram:
- Elisabeth Bustos for ein fantastisk gjennomføring av heile prosjektet! Kontrollen over 100 ungdommar gjennom eit heilt år med produksjonar, kostyme innkjøp, og administrering av heile prosjektet.
Koreografar av “Ein dansedraum”:
Elisabeth Bustos
Renate Fredheim
Sofie Øren
Adriana Hoti
Ove Henning Solheim
Skribent: Ove Henning Solheim - mars 2026.